Viser innlegg med etiketten Forfatterintervju. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Forfatterintervju. Vis alle innlegg

tirsdag 8. oktober 2013

BOKPRAT - Bokofilia intervjuer Astrid Sverresdotter Dypvik



 
Det tidligere DDR opphørte å eksistere som selvstendig stat da Tyskland ble gjenforent høsten 1990. Nærmest ved et pennestrøk ble et helt land avviklet og ideologien, samfunnstrukturen og politikken forvist til historiens skraphaug. Mytene og historiene om DDR derimot, består.

Astrid Sverresdotter Dypvik har intervjuet en rekke mennesker fra det tidligere DDR og samlet historiene i boka Det var DDR. Forteljingar frå eit nedlagt land. Jeg har lest, likt og anbefalt boka i denne omtalen. Jeg synes Dypviks valg av tema var svært interessant, og jeg ville gjerne vite mer om hennes tanker rundt temaet og skriveprosessen. Jeg satte derfor stor pris på at hun ville svare på noen av spørsmålene mine rundt dette.


Kan du si litt om hvorfor du som nordmann ville skrive en bok med DDR som tema? Hvor lang tid brukte du på å skrive boka?

Eg var utvekslingsstudent i Leipzig, midt i hjarta av det tidlegare DDR. Dette var lenge etter at muren fall, men spora frå DDR var fortsatt svært synlege. Det var mykje blokkbebyggelse, bygardar som sto og smuldra opp og gater oppkalla etter kommunistiske heltar. Det er vanskeleg å svare på kor lang tid eg brukte, mykje vart gjort på sida av anna jobbing. Men det tok eit og eit halvt år frå den effektive jobbinga byrja og til boka vart gitt ut.


I Det var DDR får vi høre historiene til både opposisjonelle og folk som jobbet i regimets tjeneste. Vi hører også om skjebnene til vanlige borgere som var uheldige å komme i søkelyset til øst-tyske myndigheter. Hvorfor har du valgt ut nettopp disse historiene til boka di? Kan du si noe om hvordan du fant frem til og valgte ut intervjuobjektene? 

Eg valde ut historier som eg sjølv syntes var spennande og som eg tenkte ville kaste lys over enkelte sider ved DDR-samfunnet. Ein av personane, ein tidlegare Stasi-offiser kom eg over fordi eg las i ei avis at han hadde gitt råd til regissøren av filmen "De andres liv" (se link). Eg fann ut at han arbeidde svært aktivt for å betre tryggingstenesta Stasis ettermæle og tok difor kontakt. Ein annan kom eg i kontakt med fordi han er ein ven av ein ven.


Historiene i boka gir ulike versjoner av hva DDR representerte for dem som bodde der. Har ditt inntrykk av det tidligere Øst-Tyskland endret seg under arbeidet med denne boka og på hvilken måte? Hva er "ditt" DDR?

Mine første assosiasjonar til DDR var, og er vel framleis, Berlinmuren, flyktningane og Stasi. Og det er kanskje ikkje så rart i og med at eg er vokse opp i eit land som set demokrati høgt. Men eg fekk opna opp auga for at DDR var langt meir enn kommunistpartiet og den stengte grensa. Sjølv om mange tenkjer på DDR som landet som folk ville rømme frå, var det jo eit mindretal av folk i DDR som faktisk rømte.


Et interessant poeng i boka er de tyske myndighetenes manglende bearbeidelse av DDR-fortiden. Hva tror du er årsaken til dette? Vil historiene om DDR bare være et felt for forskere og for dem som dyrker "Ostalgien"?

Eg trur det er nokså vanskeleg i Tyskland å bearbeide DDR-fortida. Det kjem nok delvis av at Tyskland er ein slags verdsmeister i å bearbeide nazi-fortida si. Ein kan ikkje akkurat kopiere den måten det er gjort på over til DDR, for brotsverka til Nazi-Tyskland var av eit heilt anna kaliber. Som eit tema for å ta oppgjer med, vil DDR dermed alltid stå i skuggen av åra 1933-1945. Det som er litt pussig er at Tyskland har faktisk hatt eit meir gjennomgripande oppgjer med eliten frå DDR enn dei i si tid hadde med eliten frå nazi-tida. Mellom anna kan ikkje tidlegare Stasi-folk bli offentlege tenestemenn. Samstundes er det mange sider av DDR-diktaturet som er svært lite utforska, mellom anna temaet tvangsadopsjonar.


Har du noen lesetips for dem som ønsker å lese mer om temaet DDR? 

Boka "Tårnet" av Uwe Tellkamp er ein heilt fantastisk roman som gir eit svært godt bilde av dynamikken i DDR-samfunnet, det fortel om folk som er kritiske til regimet, folk som tilpassar seg og folk som vel å ikkje gjere det. I år kom den snurrige kriminalboka "Plan D" av Simon Urban på norsk. Den fortel ei skikkeleg røvarhistorie om eit DDR som ikkje vart lagt ned i 1990, men som gjenoppsto og som framleis finst i 2013. Boka "Stasiland" av den australske journalisten Anna Funder er også bra, den konsentrerer seg, slik tittelen antyder om problematiske sider ved DDR.


Jobber du for tiden med noen nye skriveprosjekt?

Eg skulle ha jobba med eit nytt skriveprosjekt, men er kome ganske mykje kortare enn eg sjølv hadde ønska.


Om forfatteren:
Astrid Sverresdotter Dypvik (1977-) er tidligere leder i Noregs Mållag, historiker, journalist og forfatter. Det var DDR er hennes første bok. Den ble nominert til Kritikerprisen for beste sakprosa i 2012. Boka er utgitt på Samlaget.

Jeg sier takk til forfatteren for spennende svar og ønsker henne lykke til med nye skriveprosjekt!